Menu Content

Pressemelding St. Sunniva, nynorsk

Vokalkvartetten Smyr er samansett av Kristin Eidhamar Næss, Ingvild Drønnen, Anne Birte Bjørdal Hanken og Gunhild Marie Roald, alle frå Ålesund. Etter fleire møter med øya Selja og den vérkvasse naturen ved Stad, har songarane arbeidd fram ein konsert kring historia om St. Sunniva.

Komposisjonar og tekstar er skrivne i eigne rekker. Fire kvinnestemmer målbærer åleine den vakre Sunnivalegenden med piskande vestlandsstorm, intense bøner, jamne åretak, dans kring bålet og raude solefall...

I det nådelause kystlandskapet fann den irske prinsessa Sunniva si kvile. Det forteljast at ho var svært vakker, og uimotståelig for vikinghovdingen som ville erobre kvinna og den irske trona hennar. Men ho var standhaftig. Med voldsomt mot og gudsfrykt gav ho seg det veldige havet i vald. I spissen for eit følgje av kvinner, menn og barn, kom ho omsider i land blant våre vestlege knausar og knattar.

Denne kvinna har vore til stor inspirasjon for dei fire vestlandsjentene, som alle har eit sterkt forhold til høy sjø og salt havluft. Dei har fulgt hennar spor inn i gamle, katolske bøner, og lytta til naturen sine eigne historier om livet ho kan ha levd der ute. Legenda endar med at fjellet rasar saman over det irske følgjet, og det forteljast at Sunniva seinare vart funne uskadd og urørt, som om ho etter fleire år lå og sov inne i grotta. Den mystiske og heilage dåmen over dette mennesket gjorde henne til helgen, den eine kvinna blant våre norske helgenar. Selja har vore pilegrimsstad dei siste tusen år.

Gjennom verket St. Sunniva har Smyr skapt eit unikt tonespråk i grenselandet mellom norsk folkemusikk, gregoriansk kyrkjemusikk og jazz. Der er lite å sjå av sjølve Sunnivalegenden i tekstmaterialet, men i fabuleringa kring kvardagshendingar og naturstemningar, vérskifte og bøneliv veks musikken fram. Slik gjenskapar kvartetten lyden av Heilagkjelda og skumtoppane på det opprørte havet. Dei bærer fram bøner i kjende tekstar som Ave Maria og Pater Noster. Dei målar den veldige visjonen av Heilage menn og kvinner som i tusental vandrar over himmelkvelven.

Kristin Eidhamar Næss er utdanna kantor frå Norges Musikkhøgskole i Oslo, med orgel og kordireksjon som hovudemne. I tillegg til klassisk skolering har ho studert folkemusikk ved Raulandsakademiet og kveding hos Sondre Bratland. Ho er no tilsett som kantor i Malvik kirke utanfor Trondheim.

Anne Birte Bjørdal Hanken er busett i Ålesund kor ho er gründer for kaffebrenneriet JACU, og underviser på Borgund Folkehøgskole. Ho er utdanna produktdesignar og faglærar frå Høgskolen i Akershus. Ho har tidlegare vore medlem i Ålesund kammerkor og - solistkor, samt vokalensemblet Ginnungagap i Oslo.

Ingvild Drønnen bur i Trondheim, kor ho for tida studerar for å bli medisinsk sekretær. Ho har både klassisk og jazzretta skolering og erfaring, mellom anna frå musikklinja ved Fagerlia videregåande skule i Ålesund og frå Viken folkehøgskule.

Gunhild Marie Roald er ansatt som doktorgradsstipendiat i rådgivningsvitenskap ved NTNU i Trondheim, og har tidlegare jobba i Kirkens Bymisjon og Kirkelig Fellesråd. Ho har turnert med einmannsframsyninga "Irsk reise" og vore medlem av koret SKRUK. Ho er vokalist i duoen To Møre.