Menu Content

Legenda om St. Sunniva

Sunniva var ei irsk prinsesse som var kjent for sin venleik, godhug og gudsfrykt.

Då far hennar døydde, arva ho kongeriket. Gjetordet om henne nådde vidt ikring, mellom anna fekk ein vikinghovding høyre om den vakre, mektige kvinna. Då han truga kongetrona og ville gifte seg med Sunniva, la ho på flukt, saman med eit følgje av menn, kvinner og barn. Dei samla seg i båtar og kasta årer og segl over bord, i tru på at Gud ville føre dei til ei trygg hamn. Under ein storm utanfor vestkysten av Noreg vart båtane skilde; nokre hamna på øya Kinn ved Florø, medan Sunniva og størstedelen av flokken kom i land på øya Selja ved Stadt.

På Selja slo dei seg ned i holer i fjellet, og levde nær Herren i hjartet av natureftene. Øya vart nytta som beitemark av folket som budde inne på fastlandet, og det hende at dyr forsvann der ute. Etterkvart mistrudde dei Sunniva-følgjet for å stele buskapen deira. Dei sende bod etter Håkon jarl, som rådde riket på denne tida. Han segla nedetter kysten og kom med eit hærfølgje mot øya for å ta livet av dei framande inntrengarane.
Då Sunniva-folket såg fienden nærme seg, samla dei seg inne i hola, og bad til Gud om evig kvile for sine sjeler. Før jarlen nådde fram, raste fjellet saman over dei og gravlagde dei der inne.

Ei tid etter kom der nokre handelsmenn seglande forbi Selja, og fekk sjå eit voldsomt lys over øya. Dei gjekk i land, og der lyssøyla møtte grunnen, låg der eit mannehovud som dufta vidunderleg. Dette tok dei med seg til Olav Tryggvason, som no hadde makta i Noreg. Han reiste sjølv til Selja, og lèt byggje ei kyrkje der ute. Då folk sidan grov seg lenger inn i hola fekk dei sjå ein kvinnekropp som låg der; heil, uskadd, velduftande, som om kvinna berre sov. Ho vart lagt i skrin, og vart den første og den einaste kvinnelege helgenen i Noreg: St. Sunniva.

Fritt etter ”Acta sanctorum in Selio”